Natur- og ferieopplevingar i Sogn og Fjordane
Jakt
Fiske
Riding
Overnatting
Explore Fjord Norway

Overnatting i Nordfjord

 

Høgstandard Feriehytte - Hyen Natur og Friluft - NYHEIT!

 Foto: Flott utsikt vestover frå hytta og badestampen. Ola Jan Birkeland.

På ei lita høgde, idyllisk og usjenert, ligg Hyen Natur og Friluft - høgstandard Feriehytte med panoramautsikt mot Ålfotbreen landskapsvernområde og Skildbreivatn med ørret opptil 2,5 kg. Ny og flott hytte med god standard, i naturskjønt område. Utandørs badestamp og mulegheit for leige av båt og kano. Meir info.

 

Bestill overnatting på Hyen Natur og Friluft her.

_________________________________________________
 

Bu på ein ekte støl i Gloppen - NYHEIT! Foto: Edvin André Hugvik

 

Med sine historier gjennom generasjonar, har stølane i Gloppen ein spesiell plass i hjartet til mange av innbyggjarane. Kanskje får dei ein spesiell plass også i ditt? På stølene rår ein ro som til no er blitt oppdaga av forholdsvis få besøkjande.

 

I Gloppen kan du bu på 6 ulike stølar, alle med bra standard og parkeringsplass like ved. Meir info.

 

For online booking, klikk her. 

_________________________________________________

 

Utsiktseigedomen Juv - Utvik Foto: Utsikteigedomen Juv. Rønnaug Leite.- Stryn

 

Høgstandard feriehus for 2 - 5 personar med storslagen utsikt over vakre Nordfjorden. Her kan du oppleve sakte tid i eit flott restaurert gardsmiljø på Juv med busetnad tilbake til år 1200. Ein stad du finn fullstendig fred og ro for kropp og sjel. Utleige av båtar på fjorden. Meir info.
 

Bestill overnatting på Juv her.

_________________________________________________

 

Roset Panorama - Blakset Runebu

Foto: Roset Panoramai Stryn

 

Bu luftig og lett over Nordfjorden i nyoppført høgstandard feriehytte. Hytta kan leigast heile året. Blakset ligg ca 15 minutt frå Stryn sentrum. Meir info.

 

Bestill overnatting på Roset Panorama her.

 

_________________________________________________

 

Hole Feriehus - Byrkjelo i GloppenFoto: Natur og Ferie

 

Bu på eit triveleg gardstun, luftig og solrikt med flott utsikt over Byrkjelo og Breimsbygda. Omkransa av flotte fjell, eit velpleia kulturlandskap og med sola oppe alle dagane i året kan du nyte rolege dagar på Hole feriehus.

 

Meir info.

 

Bestill overnatting på Hole Feriehus her.

 

Bilete øverst:  ©Terje Rakke/ Nordic Life AS/ Innovasjon Norge, ©Morten Brun/ Innovasjon Norge.



E-post: info@naturogferie.no | Nyheitsbrev: Utmarksbasert Reiseliv | Velkommen til flotte feriedagar!
Sogn og Fjordane Bondelag Sogn og Fjordane Skogeigarlag BA